Hopp til innhold

Søk støtte

Innkjøpsordning for

Innkjøpsordning - Omsett skjønn­litteratur (Avslutta)

Se vedtakslister

Ordninga er avslutta – sjå ny ordning

Frå og med 2016 gjeld nye retningsliner for Innkjøpsordninga for omsett litteratur. Det er innført ei felles ordning for skjønnlitteratur og sakprosa, med felles retningsliner og vurderingskriterium.

Sjå: Innkjøpsordning for omsett litteratur

Åpne alle

Tidligere utlysningstekst

Føremål

Innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur for barn, unge og vaksne skal stimulere til omsetjing, utgiving, spreiing og lesing av omsette bøker frå all verdas språk til godt norsk. Bøkene som blir kjøpte inn, kjem fram til lesarane gjennom utlån i norske folkebibliotek.

Desse bøkene kjem i tillegg til dei titlane biblioteka sjølve kjøper inn over eigne budsjett. Innkjøpsordningane blir regulerte av retningsliner, òg kalla avtaler, om praktisering av ordningane.

Sikre utgiving av bøkene
Innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur garanterer forlaga eit minstesal på 500 eksemplar av dei innkjøpte omsetjingane. Ordninga er såkalla selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange omsette bøker som kan kjøpast inn årleg. Kulturrådet tar sikte på å kunne kjøpe inn ca 125 titlar i året, fordelt på både unge og vaksne lesarar.

Sikre tilgang til bøkene
Dei innkjøpte omsetjingane blir sende i 500 eksemplar, eitt til kvart hovudbibliotek, men med nokre fleire eksemplar til biblioteka i dei største byane. Ordninga omfattar og bøker for barn og unge, desse kjem i dei same sendingane som omsetjingane for vaksne. Publikum kan slik gjere seg kjent med mange interessante utgivingar frå ei rekkje ulike språkområde og kulturar.

Sikre omsetjarane betre inntekter
Norsk kulturråd betaler ein ekstra bonus til omsetjarane av dei bøkene som vert kjøpte inn. Honorarbonusen er på 25 % av omsetjarhonoraret som forlaget har betalt. Slik hjelper ordninga til å betre dei økonomiske kåra for omsetjarane.

Kva kan få støtte?

Som skjønnlitteratur reknar Kulturrådet romanar, inkludert teikneserieromanar, noveller, skodespel og anna verdfull prosa. Ordninga gjeld først og fremst innkjøp av originalomsetjingar av skjønnlitteratur, det vil seie at berre i einskilde høve vil bøker som er omsette via andre språk enn det opphavlege, kome med. Førebels gjeld ordninga berre papirbøker, men e-bøker vil snart kome til. Ordninga gjeld omsetjing av nye bøker så vel som klassiske verk.

Gjendiktingar av lyrikk høyrer heime på innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur, sjå denne. Biletbøker for barn blir normalt ikkje kjøpte inn.

Ei spesiell gruppe bøker kjem inn under det som blir kalla Mosaikk-programmet. Dette gjeld bøker som blir omsette frå afrikanske og asiatiske språk (med unntak av russisk og kolonispråka). For slike bøker betalar Kulturrådet både kjøp av 500 eksemplar, heile omsetjarhonoraret og bonusen til omsetjaren.

Kven kan søkje

Alle norske forlag/utgivarar kan søkje om innkjøp av bøker som kjem inn under ordninga.  Det er som hovudregel berre rom for innkjøp av ei bok pr forfattar pr år. På denne ordninga gjer ikkje Kulturrådet noko skilje mellom medlemer av forleggjarforeningane og uorganiserte forlag i vilkåra for levering av bøker.

Avtalepartar
Avtala om reglar for ordninga er komen i stand i drøftingar mellom Norsk Oversetterforening, Den norske Forleggerforening, Nasjonalbiblioteket og Norsk kulturråd.

Vurdering av søknaden

Forlaga skal søkje om innkjøp etter at kontrakt er inngått med originalutgivar/-forfattar og omsetjar, men før boka ligg føre. Det kan ikkje søkjast på allereie utgitte bøker. Det er ikkje sjølve omsetjinga som blir vurdert, men den innsendte søknaden med alle vedlegg.

Vurderingsutvalet

Vurderingsutvalet for omsett litteratur les dei innsende søknadene. Vurderingsutvalet har tre medlemer med personlege varamedlemer, alle er oppnemnde av Norsk kulturråd etter framlegg frå avtalepartane for ordninga. Medlemene har ein funksjonsperiode på to år med mogleg gjenoppnemning to gonger, maksimum seks år. Vurderingsutvalet er vedtaksmyndig.

Vurdering

Alle søknadene blir lesne av alle medlemmane. Utvalet held møter seks til åtte veker etter kvar søknadsfrist, det første i byrjinga av juni kvart år.  Bøker melde på til fristen 1. november blir behandla i desember.

På bakgrunn av det innsendte materialet skal utvalet etter beste skjønn vurdere om søknaden gjeld ei kvalitativt litterært god bok, om ho er interessant for eit norsk publikum og om ho er viktig eller aktuell. Om boka fyller eit hol i omsetjingslitteraturen med omsyn til tida ho er utgitt og/eller språk-/landområdet ho kjem frå, tel og med i vurderinga.Utvalet kan velje å la ei bok falle utanfor ordninga ved å vise til avtalen § 4, eller å utsetje bøker til neste søknadsbehandling. Utvalet arbeider innanfor årlege, faste budsjettmessige rammer. Desse økonomiske omsyna avgjer kor mange titlar som kan kjøpast inn årleg.

Eit oversyn over innkjøpte bøker (lenke) blir publisert på Kulturrådets nettsider etter kvart møte. Du finn eit samla oversyn same stad når heile årgangen er ferdigbehandla.

Alle søkjarar får tilsendt eit brev innan to veker etter at vedtaka er fatta.

Alle avslag blir grunngitte med budsjettrammene eller retningslinene. Det er ikkje høve til å klage på det faglege skjønet som er gjort, berre på feil i saksbehandlinga.

Rutiner etter innkjøp

MERK: Ny leveringsadresse for papirbøker som skal distribuerast til biblioteka:

Biblioteksentralen v/Orbit Arena
Prestmosvegen 6 
2030 Nannestad

Økonomiske rutinar 

Forlag som har fått melding om at ei bok er kjøpt inn, kan sende inn økonomiske krav samstundes med at bøkene blir leverte til distributøren.

For kvart einskild innkjøp skal forlaget levere faktura for innkjøpet av 500 eksemplar

Faktura for innkjøpet:
Kulturrådet kjøper inn bøkene til utsalspris i bokhandel minus 42,5  % kvantumrabatt og 2 % kontantrabatt (samla rabatt er 43,65 %). På fakturaen forlaget sender til Norsk kulturråd, skal utrekninga av beløpet for innkjøp bli vist, og informasjon om forfattar, tittel, forlag og talet på leverte eksemplar skal gå fram.

Faktura med krav om refusjon av omsetjarhonoraret for bøker innkjøpte under Mosaikk-programmet:
For ei innkjøpt Mosaikk-bok kan forlaget sende inn ein faktura pålydande heile omsetjarhonoraret. Det må samstundes sendast inn to eksemplar av ferdigtrykt bok og opplysningar om kva omsetjaren har fått utbetalt (sjå honorarbonus under).

Honorarbonus:
Forlaget skal sende inn opplysningar om utbetalt honorar til omsetjaren og opplysningar om utbetalt honorar til omsetjarane og adresse, personnr og bankkontonr for dei omsetjarane som ikkje er medlemer av Norsk Oversetterforening.