Ny rapport: Kraftig vekst i musikksøknader
Big Bang på Olavsfest i 2024. Foto: Esben Kamstrup/Olavsfest
Søknadene til Kulturrådets tilskotsordningar for musikk har auka kraftig sidan før koronapandemien. Det viser Kulturdirektoratets ferske årsoppsummering av musikkfeltet.
Turnéverksemd har hatt størst auke – heile 67 prosent frå 2019 til 2024. Søknader frå konsertarrangørar har auka med 43 prosent i same periode.
– Dette illustrerer det store økonomiske presset i livefeltet, og viser behovet for å styrkja konsertarrangørane, som er sentrale for musikkopplevingar over heile landet, seier Ivar Chelsom Vogt, rådsmedlem og leiar av arrangør- og festivalutvalet.
Tilskota førte i 2024 til støtte for produksjon av 590 musikkverk og prosjekt. I livefeltet vart det gitt støtte til 4831 konsertar for artistar og musikarar, og heile 12 560 konsertar hos heilårsarrangørar og festivalar.
Årsoppsummeringa gir innsikt i søknadsbunken, tildelingar og prioriteringar, og er eit viktig grunnlag for vidare strategi. Kulturrådet har nyleg vedteke ny strategi for 2025–2028, og ein ny områdeplan for musikk blir vedteken i september.