Hopp til innhold
Vedtaksliste

Kunstfaglige publikasjoner og manusutvikling

Søk støtte

Vedtaksliste for søknader til 2. desember 2021

Tilbake til 2021 (Alle)

Om søknadsrunden

Kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling

Ordninga skal bidra til å styrke produksjon av publikasjonar som presenterar og/eller analyserar aktuelle problemstillingar innan samtidskunst og kunstteori. Støtte vert gitt til fotobøker, monografiar, kunstnarbøker/artists’ books, utstillingskatalogar, bok- eller magasinseriar, fanziner, ulike hybridbøker. Manusutvikling til lengre tekstar om samtidskunst er ein viktig del av ordninga. 

Talet på søknader: 28
Søknadssum: kr 2 554 420 
Talet på tildelingar: 13
Vedtakssum: kr 793 600

Tendensar i søknadsmaterialet

I denne runden er det fleire godt utvikla og gjennomarbeidde bokprosjekt som vart vurdert og det er
eit stort spenn i tematikk og omfang, - frå bøker som kunst og bøker om kunst. Det er mykje som tyder på at det er behov for å oppsummere og samle for så å kontekstualisere lengre kunstnarskap. Ei nettbasert utgåve av ei handbok for den nyoppretta Kunstnarassistentordninga er og tilgodesett. 

Kunstnarboka «Layered» av Barbara Czapran merkjer seg ut med si taktile og intuitive tilnærming til bokmediet. Her vert vi presentert for ulike skulpturprosjekt dei tre siste tiåra der lag på lag med avispapir, mjølkekartongar, kreppapir, bølgepapp, kartong samt makulert papir har vore materialet. Boka er handsydd og kjem i eit lite opplag. Unik formgjeving samt bevisst val av ulikt papir speglar kunstnarskapet og boka vil på sikt kunne bli stilt ut som eit eige kunstverk.   

Heile fem av sju søknader til monografiar vart støtta i denne runden, alle med ein markant sum. To av desse handlar om keramikk. «Materielle påstander» presenterer Nina Malterud, kjend som fornyar av keramikkfaget og som professor og rektor ved Kunsthøgskolen i Bergen (no KMD). Jorunn Veiteberg er redaktør for boka og kurator for ein større separatutstilling ved KODE vår – sommar  2022. Tekstane går djupt inn i kunstnarskapet og det er eit fint grep å engasjere ein internasjonal skribent (Glen Adamson) til å sjå på eit norsk kunstnarskap. Visuell utforming av boka er framifrå og den kjem ut på norsk (Fagbokforlaget) og på engelsk (Hatje Cantz), som sikrar internasjonal distribusjon.  - Den andre boka er kalla «The story of an affair» og handlar om Heidi Bjørgans eksperimentelle keramikkarbeid dei siste fem åra. Hennar virke som kurator er og ein viktig del av boka. Det er Tag Team, eit kunstnarstyrt galleri i Bergen, som står for utgjevinga.   

Boka «Movements» presenterer Tone Myskjas tverrfaglege inngang til kunsten, der ho sjonglerar mellom video og det skulpturelle i utstillingar, konsertar og sceniske framføringar. Det visuelle i boka får fram fleire uttrykksformer, som maleri og skulptur, musikk, dans og teater. Omslaget av boka kan minne om eit musikalsk partitur.  - Ståle Stenslie oppsummerer den fleirmediale og elektroniske kunsten sin frå 1990 og fram til i dag. Han skriv sjølv, men med redaksjonelle råd, og han hevdar at denne utgjevinga kan bøte på eit underkommunisert kunstfelt.  

Til slutt må den omfangsrike boka til Søssa Jørgensen og Geir Tore Holm kalla «En kopp gir ti tilbake - Samarbeid 1992 – 2022» nemnast. Her er det tre tiår som skal oppsummerast, alt frå gryande galleriverksemd på 90-talet (Galleri Balkong), ulike kollektive, gjerne internasjonale, kunstprosjekt på Sørfinnset skole i Nordland (frå 2003) til Øvre Ringstad gard i Skiptvet (frå 2010). Aktuelle miljø- og samfunnspolitiske spørsmål har alltid stått på dagsorden for kunstnarparet. Dei ulike tekstane skildrar at mange samarbeidsprosjekt går langt ut over det kollektive. Det visuelle i boka ber preg av å vere dokumentarisk og nedpå. Forlaget Uten tittel er utgjvar og boka skal komme ut i samband med ei større utstilling ved Kristiansand kunsthall. 

Den einaste fotoboka som nådde fram i denne runden var Christina Leithe Hansen «Projections» der forsking og nærlesing av ulike arkiv vert brukt som metode for å systematisere hundrevis av eigne fotografi.  Fotografia i svart kvitt spenner vidt, motiva er frå ulike land og kan fungere som kunstnaren sin eigne minner, noe som dei korte tekstane i boka presiserer. Planane er å gje ut fleire fotobøker med arkivvinkling. Småboksforlaget Spesial Nord, som kunstnaren sjølv driv saman med Iselin Lindstad Hauge, er utgjevar. 

Unge kunstneres samfund (UKS) fekk støtte til «Håndbok for Kunstnerssistentordningen». Ordninga vart oppretta i 2017 og denne handboka vil kunne vere til stor praktisk hjelp både for den etablerte kunstnaren (som har arbeidsgjevaransvar) og assistenten. Handboka inneheld opplæring i arbeidgjevaransvar, innføring i rettigheiter og plikter i arbeidsforhold. Vidare vert rolleforståing, strukturering av arbeidsperioden, forventningsavklaring, råd om kunnskapsoverføring viktige komponentar. Dei ulike nettlenkene om arbeidsgjevaransvaret og anna relevant statleg informasjon vil automatisk bli oppdatert i denne nettbaserte boka.  

Manusutviklingsstøtta skal stimulere til å skrive om samtidskunst i det visuelle kunstfeltet. Det var fire søknader i denne runden og to prosjekt fekk støtte. Per Bjarne Boym tek utgangspunkt i interevenering over ein nedlagt landhandel i Etnedal kalla «Overhopp», og skal skrive om «det pittoreske» i kunsten, sett frå ei historisk og samtidig ståstad. Seinare vert boka og dokumentasjon av dette kunstprosjektet presentert på Harpefoss hotell. Den komande boka vert i tillegg lansert med kunstnarsamtalar på kunstbokmessa B*stard på Lillehammer i samband med Norsk litteraturfestival.  

Kunst- og kunstnarbøker og pandemien

Også i denne runden var det mange godt utvikla og gjennomarbeidde prosjekt som vart vurdert. Ved søknadsfristen 2 desember var samfunnet framleis nedstengt og det kan hende at pandemiens verknader  kan forklare at talet på søknader om monografiar eller større bøker om samtidskunst held seg såpass høgt. Tilbaketrekkinga til atelieret fører kanskje til større fokus, det vert tid til å gå gjennom og oppsummere kunstnarskap til bokprosjekt, sjølv om (separat)utstillingar har vore utsett eller avlyst.    

Det var det var 5 kvinner og 5 menn som fekk støtte, vidare eitt småboksforlag og to mindre institusjonar. Fylkesvis fordeling av tildelingane er 8 frå Oslo, 2 frå Vestland, 1 frå Innlandet, 1 frå Agder og 1 frå Viken.   

Prosess:

  • Søknadsfrist: 2.6.2021 kl. 13:00

  • Vedtak i faglig utvalg for billedkunst og kunsthåndverk: Dato ikke satt

Les mer om søknadsrunden

Søk i tabellen, den oppdateres når du skriver

Søk i tabellen

Søk i tabellen

SøkerProsjekttittelFylkeÅrSøknadssumVedtaksdatoVedtakTilskuddKategorihidden
Cecilie Tyri Holt It stayed with me Oslo 2022 100000 10.3.2022 Avslått 0 Bjørn-Henrik Lybeck Everything exists; nothing exists (arbeidstittel) Vestland 2022 60000 10.3.2022 Avslått 0 Brita Skybak Kunstneren,kunsten og jeg Viken 2022 40000 10.3.2022 Avslått 0 Marit Gunhild Arnekleiv Overhopp Innlandet 2022 60000 10.3.2022 Bevilget 40000 Nina Malterud Materielle påstandar (Material Statements) Vestland 2022 100000 10.3.2022 Bevilget 100000 Dan Børve Grace Vestland 2022 60000 10.3.2022 Avslått 0 Barbara Czapran Layered Oslo 2022 53538 10.3.2022 Bevilget 50000 Stein Rønning Epicurean Allegory Oslo 2022 0 10.3.2022 Bevilget 15000 Stein Rønning Stein Rønning Oslo 2022 202112 10.3.2022 Avslått 0 JO RAVN ABUSLAND BILLEDKUNSTNER Skeiv kopp Agder 2022 78724 10.3.2022 Avslått 0 Tone Jeanette Myskja Movements Oslo 2022 90000 10.3.2022 Bevilget 90000 ORKANA FORLAG AS Stjernenatt Oslo 2021 90000 10.3.2022 Avslått 0 BYEN STORY ANDREAS HELLAND Nowheresville Oslo 2022 147011 10.3.2022 Avslått 0 SMØR PRESS - JOANA BRUNO Curtain (IV) Trøndelag 2022 80000 10.3.2022 Avslått 0 Hilde Kristin Grønner Flikke Betraktninger ved vann Viken 2022 68000 10.3.2022 Avslått 0 Karoline Jahn Hjorth Eyes as Big as Plates 2 Viken 2021 187692 10.3.2022 Avslått 0 Christina Leithe Hansen Projections Agder 2022 50000 10.3.2022 Bevilget 50000 Jørn Ståle Stenslie Ståle Stenslie - utvalgte arbeider Oslo 2022 100000 10.3.2022 Bevilget 100000 Johan Söderström Pace and Pound Oslo 2021 50000 10.3.2022 Avslått 0 STANDARD (BOOKS) AS Slippery Road's Landscape Oslo 2022 70000 10.3.2022 Bevilget 30000 MUSEENE I SØR-TRØNDELAG AS Hannah Ryggen Triennale 2022: Anti-monument Trøndelag 2022 100000 10.3.2022 Avslått 0 UNGE KUNSTNERES SAMFUND Håndbok for Kunstnerassistentordningen Oslo 2022 75000 10.3.2022 Bevilget 75000 Julie Søvik Photos of buildings in Skådalen by Sverre Fehn Oslo 2022 74000 10.3.2022 Avslått 0 MARIUS PRESTERUD WETLANDS Oslo 2022 0 10.3.2022 Bevilget 3600 GEIR EGIL BERGJORD Gilka QTLY#9 og Gilka QTLY#10 Rogaland 2022 80000 10.3.2022 Avslått 0 SØSSA JØRGENSEN Søssa Jørgensen og Geir Tore Holm En kopp gir ti tilbake One cup gives ten in return Samarbeid_Collaborations 1992–2022 Viken 2022 180000 10.3.2022 Bevilget 100000 TAG TEAM STUDIO The story of an affair Vestland 2022 150000 10.3.2022 Bevilget 100000 Lars Elton Ikke bestemt ennå Mulige titler: Veien til bildet eller Den motvillige kunstneren Oslo 2022 60000 10.3.2022 Bevilget 40000